Havila Kystruten fyller butikken med Skogstad-kle

Outdoor clothes from Skogstad. Photo: Bård Basberg.

Havila Kystruten får Skogstad om bord som leverandør av utekle til å oppleve norskekysten.

Havila Kystruten har inngått kontrakt med Skogstad frå Innvik i Stryn som leverandør av tur og ytterkle for sal om bord og til dei tilsette i Havila Kystruten.  Når Havila Kystruten kjem i gang med seglingane på kystruta mellom Bergen og Kirkenes, skal det mellom anna seljast ytterkle om bord. Asgeir Blindheim, excursion manager og ansvarleg for utvikling av ombord-butikkane i Havila Kystruten, seier dei var på jakt etter ein leverandør av lette, komfortable kle som samtidig tåler det norske veret og gjer at gjestene er tørre og varme når dei oppheld seg utandørs.

- Gjestene våre skal ha det godt anten dei er på ute på promenadedekk om bord, ruslar rundt i havnene vi besøker eller er med på utflukter. Då må dei ha gode kle, og det har vi funne hos Skogstad. Dei har ein kolleksjon som både egnar seg godt til å oppleve norsk natur og som samtidig har ein design og pris som gjer at vi meiner dette vil vere eit svært godt tilbod til gjestene våre.

Asgeir Blindheim peiker også på at Skogstad med sitt sterke miljøfokus både på produkt og drift har ein miljøprofil som Havila Kystruten med sine nye og miljøvenlege skip ønskjer frå samarbeidspartnerane sine.

- I tillegg har Skogstad sentrallager berre eit par timar frå Havila Kystruten sitt hovudkontor. Det sikrar oss ein god logistikk og god vareflyt.

Outdoor clothes from Skogstad

Havila-kolleksjon

Skogstad skal levere vind- og vasstette ytterkle i tillegg til isolerande mellomlag og hanskar, hue og t-skjorter. Kleda vert henta frå Skogstad sin faste kolleksjon i tillegg til at enkelte plagg er tilpassa Havila Kystruten med logo, fargeval og eigne namn.

- Vi får kle som er oppattkalla etter stader vi reiser forbi på seglasen, som Kirkenes, Nordkapp og Fosnavåg.

Utvalet og omfanget vil bli utvikla, men alt frå starten med drift av fire kystruteskip er kontrakten på eit betydeleg volum.

God miljøprofil

Dagleg leiar i Skogstad, Henning Skogstad, seier han er stolt og glad over at kontrakten som er inngått med Havila Kystruten.

- Skogstad er også ei norsk, familieeigd generasjonsbedrift på Vestlandet. Vi opplever at vi snakkar same språk som Havila sjølv om vi er innan ulike bransjar. Vi gler oss over å få samarbeide med ein aktør med ein god miljøprofil og som gjer at vi får vist fram kleda våre både til ein internasjonal marknad og folk langs norskekysten.

Havila Voyages in Hjørundfjorden. Illustration
Havila ship sailing through narrow fjord with steep stony sides and some green vegetation.

Om Havila Kystruten

  • Havila Kystruten er eit familieeigd, norsk reiarlag med hovudbase i Fosnavåg på Sunnmøre.
  • Havila Kystruten skal frå 2021 drifte fire av dei elleve skipa som seglar den klassiske sjøreisa frå Bergen til Kirkenes.
  • Havila Kystruten bygger dei meste miljøvenlege passasjerskipa som skal segle på kystruta mellom  Bergen-Kirkenes. Skipa har mellom anna verdas største batteripakkar som gjer at dei kan gå i fire timar utan støy og utslepp.

Meld deg på vårt nyhetsbrev!

Få informasjon og tilbud fra Havila Kystruten.

Meld deg på