Ny administrerande direktør i Havila Kystruten

Havila ship on a calm sea with the Lofoten mountains in the background.
Bent Martini vert ny administrerande direktør i Havila Kystruten. Han startar i stillinga i august.

Styreleiar i Havila Kystruten, Per Sævik, er glad for å ha fått på plass ein ny leiar med dei kvalifikasjonar og kompetanse som trengst for å ta selskapet vidare.

- Vi hadde fleire sterke kandidatar, og er glade for å kunne ønskje Bent Martini velkomen og med på laget. Han har erfaring og kjenner bransjen samtidig som han er nytenkande og har levert gode resultat både innan organisjons- og teknologiutvikling.

Martini har brei og relevant erfaring frå maritim verksemd både på sjø og land med bakgrunn frå Forsvaret, Klaveness-reiarlaget og Hurtigruten.Bent Martini er pålagt karantene frå tidlegare arbeidsgivar, og startar hos Havila Kystruten 9. august. 

Martini er busett i Asker og skal vekependle til Fosnavåg og hovudkontoret til Havila Kystruten. 

Bent Martini seier han ser fram til å starte i Havila Kystruten.

- Å få arbeide med eit nytt og spennande selskap som Havila Kystruten og vidareutvikle den tradisjonsrike kystreisa, det ser eg på som ein draumejobb.

Bent Martini, new CEO in Havila Voyages
Havila ship sailing through narrow fjord with steep stony sides and some green vegetation.

Om Havila Kystruten

  • Havila Kystruten er et familieeid, norsk rederi med hovedbase i Fosnavåg på Sunnmøre.  

  • Havila Kystruten har avtale med Samferdselsdepartementet om å drive fire av de elleve skipene som seiler den klassiske kystreisen mellom Bergen og Kirkenes fra 2021 til 2030. 

  • Havila Kystruten bygger de mest miljøvennlige skipene som skal seile på strekningen Bergen-Kirkenes. Skipene har mellom annet verdens største batteripakker, som gjør at de kan gå i fire timer uten støy og utslipp.