Martini har tatt over roret

Bent Martini, CEO in Havila Kystruten
Mandag 9. august starta Bent Martini som ny administrerande direktør i Havila Kystruten.
Martini har brei og relevant erfaring frå maritim verksemd både på sjø og land med bakgrunn frå Forsvaret, Klaveness-reiarlaget og Hurtigruten. Martini er busett i Asker og skal vekependle til Fosnavåg og hovudkontoret til Havila Kystruten.

Då det vart kjent at Martini var tilsett som ny administrerande direktør i Havila Kystruten, sa styreleiar Per Sævik at han var glad for å ha fått på plass ein ny leiar med dei kvalifikasjonar og kompetanse som trengst for å ta selskapet vidare.

- Vi hadde fleire sterke kandidatar, og er glade for å kunne ønskje Bent Martini velkomen og med på laget. Han har erfaring og kjenner bransjen samtidig som han er nytenkande og har levert gode resultat både innan organisasjons- og teknologiutvikling.

Havila Kystruten har avtale med Samferdselsdepartementet om fire av dei elleve seglingane på kystreisa mellom Bergen og Kirkenes. Havila bygger fire nye og miljøvenlege passasjerskip som skal trafikkere strekninga.