Frå gull i kokke-OL til Havila Kystruten

Gunnar Hvarnes, photo: Tom Haga
Gunnar Hvarnes leidde nettopp Norges kokkelandslag til OL-gull. No leier han jakta på gullet som skal serverast til dei som reiser med Havila Kystruten.

Norge vann OL-gull i kokkekunst sist gong i 2008. Då var Gunnar Hvarnes var med som kokk. No greidde Norge igjen å få sine kokkar på toppen av pallen – og denne gongen var det med hjelp av Hvarnes som coach og leiar for laget.

OL-jubelen har knapt lagt seg før Gunnar Hvarnes er i gang med eit nytt prosjekt. I tida framover skal Gunnar Hvarnes arbeide med kva som skal serverast gjestene om bord i Havila Kystruten. Havila skal segle fire av dei elleve rutene på strekninga Bergen-Kirkenes frå januar 2021, og Gunnar Hvarnes skal bidra til at matopplevinga blir like bra som naturopplevinga.

- Eg vil vise norsk mat og drikke frå si beste side. Sjølvsagt til dei utanlandske turistane, men samtidig skal vi også gi dei norske reisande smaken på god norsk mat.  

Gode smakar og gode leverandørar

Mat med tradisjonelle konserveringsmetodar som speking, salting og tørking er noko av det Hvarnes peiker på. Han nemner fenalår, grava hjort og røykt laks. Sjømat blir viktig, det same vilt og fugl.

Gunnar Hvarnes fortel smilande at no er ringen slutta for hans del. Han starta si kjøkenkarriere om bord i ei passasjerferje på Oslofjorden då han var tenåring. No skal han igjen sørge for mat til sjøs.

- Mat til så mange og om bord i ein båt gjer logistikk og det praktiske spesielt viktig, men vi skal framheve dei gode norske råvarene på ein enkel måte, og så må vi serverer mat på ulike nivå frå den enkle, men gode og sprø vaffelen i kafeen til den finaste reinsdyrfileten i a la carte-restauranten.

I jakta på dei gode smakane høyrer også jakta på dei gode leverandørane med. Gunnar Hvarnes seier han er ute etter både store og små leverandørar, og han ser etter dei som kan levere spesialprodukt for Havila Kystruten.  Hvarnes skal sørge for totalopplevinga av maten om bord hos Havila Kystruten. Det betyr at han i tillegg til mat, menyar og leverandørar, også skal ha opplæring av tilsette og planlegge alt frå servering til kva maten skal serverast på.

OL-meisteren seier han gler seg til å vise fram verkeleg gode, norske råvarer, og målet hans er klart:

- Maten skal bli iallfall halvparten av grunnen til at du skal reise med Havila Kystruten.

Det ypperste av norsk mat

Kommersiell direktør i Havila Kystruten, Christian Gamsgrø, seier Havila Kystruten ønskjer å både gi passasjerane opplevinga av god norsk mat og vise fram norsk mat og norske leverandørar for eit globalt publikum.

- Då vi leita etter nokon til å hjelpe oss med dette, peikte alle på Gunnar Hvarnes. Vi er svært glade over å få han med på laget, og ser verkeleg fram til å servere passasjerane våre det ypperste av norsk mat.

Maten skal bli iallfall halvparten av grunnen til at du skal reise med Havila Kystruten.

Gunnar Hvarnes