Regnskapssjef konsern

Havila jobbannonse

Havilakonsernet søkjer etter Konsernregnskapssjef. Du vil rapportere til dagleg leiar i Havila Service AS og jobbe tett med CFO for Havilakonsernet, samt andre nøkkelpersonar på konsernnivå og i våre mange selskap og underkonsern.

Du må trivast med å jobbe med folk, ha djup forståing for regnskap, skatt og økonomistyring, utnytte og drive fram ny teknologi og bidra til å legge grunnlaget for god økonomistyring.Havila gir gode mulegheiter for eigenutvikling og verdset medarbeidarar som tek initiativ og ansvar.

Havila Service AS er eit selskap som leverer tenester til ulike selskap i Havila konsernet innan fagområde som løn, regnskap, innkjøp, IT og mannskapstenester.

Arbeidsoppgaver og ansvar er mellom anna:

  • Ansvarleg for å vidareutvikle og effektivisere regnskapsarbeid med gode metodar og rutinar, samt å sørge for utnytting av relevante IT-verktøy.
  • Ansvarleg for å planlegge og gjennomføre årsoppgjer.
  • Bidra til å forbetre relevant rapportering til leiing, styre og eigar.
  • Bidra til å utvikle budsjett, prognose og kostmodellar.
  • Ansvarleg for månadleg periodeavslutning og avstemming.
  • Likviditetsrapportering.
  • Skatt og likning på tvers av konsernet.
  • Løpande regnskapsarbeid i samsvar med gjeldande lovar og reglar.
  • Delta i eller leie forbetringsprosjekt knytt til økonomistyring.
  • Fagleg støtte til alle ledd i organisasjonen.

Kvalifikasjonar:

  • Høgare relevant utdanning og dokumentert kompetanse og erfaring innan konsernregnskap og skatt.
  • Erfaring frå revisjon og IFRS er ein fordel.
  • God erfaring med oppbygging, implementering og vedlikehald av økonomiske styringssystem.
  • God generell datakunnskap og solid kjennskap til ERP-system.
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk.
  • God forretningsforståing og analytiske ferdigheiter.

Eigenskapar og haldningar vi ser etter:

  • Samarbeidsorientert og god til å etablere gode og effektive relasjonar på alle nivå.
  • Engasjert og interessert i å forstå samanhengar, utviklingsorientert, opptatt av å ta i bruk ny teknologi og eit sterkt ønske om å skape resultat.
  • Stor arbeidskapasitet, strukturert, kvalitetsbevisst, pliktoppfyllande, kreativ og løysingsorientert.
  • Tek initiativ og er med på å spreie arbeidsglede på arbeidsplassen.

Vi tilbyr ein trygg og solid arbeidsplass i eit konsern med gode framtidsutsikter, konkurransedyktige lønsvilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar. Arbeidsstad er ved Havila sitt hovudkontor i Fosnavåg. Meir om Havilakonsernet.

Søknadsfrist 31. juli 2021.

Søk på stillinga her

Har du spørsmål om stillinga? kontakt dagleg leiar i Havila Service,

Hans-Børre Fiskaa, telefon 952 74 960

Attestar og vitnemål skal leggast ved søknaden

All kontakt om stillinga vert behandla konfidensielt.