Vi søker ein Leiar for HMSK som har eit stort engasjement innanfor HMSK faget og som har:

  • God datakunnskap og -forståelse
  • Erfaring med å utvikle og implementere Sikkerheitsstyringssystem, gjerne også oppimot ISO 14001 og ISO 9001
  • Relevant høgare utdanning 
  • Relevant erfaring frå arbeid med helse, miljø, sikkerheit og/eller kvalitetsstyring
  • Erfaring med effektiv koordinering og/eller leiing av prosjektarbeid
  • Erfaring med risikovurdering 
  • God forståing for regelverk generelt, og helst kjennskap til regelverk oppimot drift av passasjerskip
  • Kjennskap til beredskapsledelse, krisehandtering og gransking
  • God muntleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk

Arbeidsoppgåver og ansvar vil mellom anna vere:

  • Lede implementering av rederiet sin politikk og styringssystem om bord og på land
  • Planlegge, koordinere og gjennomføre interne revisjonar i selskapet om bord og på land.
  • Følge opp selskapet sin årlege HMSK plan og sikre gjennomføring og dokumentasjon
  • Vere rådgjevar i HMSK relaterte spørsmål for leiarar og medarbeidarar
  • Koordinere og gjennomføre risikovurderingar i selskapet i samarbeid med aktuelle
  • Koordinere oppfølging av regelverk og gjennomføre GAP analyser
  • Bidra i etablering av ISO sertifisering innan miljø og kvalitet
  • Påsjå at HMSK rapportering vert utført i henhold til rederiet sin standard 
  • Følge opp at interne og eksterne revisjonar og verifikasjonar vert gjennomført og fulgt opp i henhold til revisjonsprogram
  • Samarbeide tett med driftsavdelinga og skipsleiinga oppimot daglig drift
  • Fungere i rolla "Utpekt person" i rederiet, med direkte rapportering til CEO
  • Planlegge og gjennomføre beredskasøvelser for tilsette på land i samarbeid med COO
  • Delta som fast medlem av beredskapsorganisasjonen på land, og i vakttelefon ordning
  • Delta i/ lede gransking av uønska hendelsar 

Ferdigheiter og evner vi ser etter:

  • Vilje til å opptre som ein proaktiv leiar og forbilde
  • Gode analytiske evner, strukturert og løysingsorientert
  • Sjølvstendig og stor gjennomføringsevne
  • Evne til å etablere gode og effektive relasjonar med leiarar og medarbeidarar på alle nivå, samt med eksterne samarbeidspartar
  • Jobbar efektivt og fungerer godt under press

Haldningar vi ser etter:

  • Samarbeid- og utviklingsorientert med eit ønske om å skape resultat for selskapet
  • Pliktoppfyllande, kvalitetsbevisst og lojal
  • Nysgjerrig, engasjert og interessert i å forstå samanhengar og gjere komplekse oppgåver enkle
  • Open for å tenke "utanfor boksen" for å få fram nye måtar å kople erfaring og innovativ teknologi
  • Tek initiativ og er med på å spreie arbeidsglede på arbeidsplassen

Manglande erfaring og/eller formell utdanning kan kompenserast med anna relevant utdanning og erfaring, samt vilje til å lære.  

Vi tilbyr ei utviklande 100% fast stilling i eit selskap med stort potensial, der du vil vere svært sentral i oppbygging, drift og vidare vekst.  

Arbeidsstad: Fortrinnsvis ved Havila Kystruten sitt hovudkontor i Fosnavåg. 

Noko reiseaktivitet langs norskekysten må påreknast. Heimekontor kan avtalast med COO.

Startdato: etter nærmare avtale.

Vi håper at du vil vise di interesse ved å søke på stillinga. 

Registrer CV og søknad innan 31.08.2022. Attestar og vitnemål leggast ved.

Søknader vert vurdert fortløpande. Alle henvendelsar vert behandla konfidensielt.

.

Søk på stilling