Kokk og/eller Konditor

Havila Kystruten er eit norsk selskap med base i Fosnavåg. Fra 2021 seglar selskapet på strekninga Bergen – Kirkenes – Bergen med dei mest miljøvennlege skipa som seglar langs noregskysten. Havila vidarefører med dette ei stolt historie. Havila Kystruten skal levere gode gjesteopplevingar langs noregskysten både for lokal reisande og for turistar. Havilakonsernet har lange tradisjonar innan maritim næring. Den siste tida har transport og reiseliv blitt ein viktig del av konsernet.

Vi søkjer kokkar og/eller konditor som i lag med bysseteamet om bord på våre skip skal utvikle og sikre kvalitet i alle ledd av byssedrifta. Vi vil gjerne ha kontakt med deg som bidreg til effektive og sunne samarbeidsformer på tvers av avdelingar, som er oppteken av kvalitet og resultat, og som strekker seg for å sikre gode crew- og gjesteopplevingar. 

Våre verdiar er «LEAD, CARE, SHARE», og vi vil leite etter kokk og/eller konditor som kjenner seg igjen i desse verdiane.  

 Konditor:

  • Produksjon av desserter, kaker og bakverk om bord på Havila Kystruten sine skip.
  • A la carte service.
  • Crewmat
  • IK-mat og avviksregistrering.
  • HMS arbeid.
  • Følge manualar i henhold til Havila matkonsept «Havila Food Stories»
  • Varemottak med kunnskap og erfaring med begrepet « FIRST IN FIRST OUT»
  • Oppvask og reinhald

_____

 Kokk:

  • Produksjon og bearbeiding av kald / varm mat om bord på Havila Kystruten sine skip.
  • A la carte service.
  • Crewmat.
  • IK-mat og avviksregistrering.
  • HMS arbeid.
  • Følge manualar i henhold til Havila matkonsept «Havila Food Stories»
  • Varemottak med kunnskap og erfaring med begrepet « FIRST IN FIRST OUT»
  • Oppvask og reinhald

_____

Krav til real og formalkompompetanse for begge stillingene

  • Fagbrev kokkfag og/eller i konditorfag og minimum 3 år relevant erfaring. Dokumenterbar og solid relevant erfaring kan kompensere for krav til utdanning
  • Ønskeleg med maritim erfaring
  • Kurs - Passasjer og krisehåndtering og Grunnleggende sikkerhetskurs
  • Gyldig helseattest
  • God erfaring med/kjennskap til IK-mat.
  • God IT-kunnskap
  • Erfaring med krisehandtering er ein fordel
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på engelsk og norsk/skandinavisk

Ferdigheiter, evner og haldninger vi ser etter:

  • Stor interesse og stort engasjement for faget
  • Evner å bygge effektive og gode relasjonar med leiarar, medarbeidarar og gjester for å fremme samhandling og samarbeid på tvers av fagområder
  • Har forventningar til seg sjølv og set mål for seg sjølv og teamet.
  • Lyttar til kollega og gjester for mellom anna å hente ut potensialet i driften og yte korrekt service overfor kollega og gjest.
  • Motiverer kollega ved blant annet å jamnleg gi tydeleg, konkret og relevant tilbakemelding, deler av eigen erfaring og kunnskap for å fremme mestring og utvikling
  • Ser og løyser problem effektivt, gjerne før dei oppstår.
  • Fungerer godt under press og opptrer raskt og besluttsomt når det er nødvendig
  • Set HSEQ høgt i alle gjeremål.
  • Tek initiativ og er med på å spreie arbeidsglede og bygge godt arbeidsmiljø.
  • Liker å arbeide med og ved gjesten ved å vere synleg blant gjester og tek gjerne initiativ til interaksjon med gjesten

_____

Vi tilbyr ein trygg og solid arbeidsplass i ei verksemd med gode framtidsutsikter, der du vil vere sentral i oppbygging, drift og vidare vekst.

Vidare tilbyr vi konkurransedyktige lønnsvilkår og gode pensjons- og forsikringsordninger. Du vil bli ein del av ein organisasjon med kompetente og dyktige medarbeidarar.

Vis din interesse for stillinga ved å registrere din CV og søknad på her Søknadar vert handterte fortløpande. Attestar og vitnemål leggast ved søknad. Alle henvendingar behandlast konfidensielt.

Søk på stilling

Kontaktpersonar

Jack Rakjan

Head of F&B

Tlf 405 45 215

[email protected]

Monica Nipen

HR-direktør

Tlf 917 09 344

 [email protected]