Berekraftsansvarleg

Sustainability, green leaf. Photo: Aaron Burden, Unsplash

Havila Service AS er eit selskap som leverer tenester til ulike selskap i Havila konsernet innan ulike fagområde som løn, regnskap, innkjøp, IT og mannskapstenester.

Er du interessert i berekraftsstyring og rapportering, er dette mulegheita for deg!

Vi ser etter ein berekraftsansvarleg som vil være ein viktig ressurs i Havila konsernet. Du vil rapportere til dagleg leiar i Havila Service AS og jobbe tett med andre nøkkelpersonar på konsernnivå og i våre mange selskap og underkonsern.

Berekraft er heilt avgjerande for Havilas evne til å skape vekst, tillit og konkurransedyktig drift. Vi ønsker å vere eit ansvarleg konsern og aktivt bidra til å løyse berekraftsutfordringane verda står overfor. Vi må sikre at vi har god forståing av berekraftsrelaterte risikoar og mulegheiter, samt å bygge tillit til investorar, finansieringsinstitusjonar, offentlege styresmakter og andre interessentar.

Arbeidsoppgåver og ansvar er mellom anna:

  • Utvikle strategi for berekraft og metode for berekraftsrapportering.·
  • Datainnsamling, gjennomgang og analyse i forbindelse med løpande berekraftsrapportering.·
  • Forberede rapportering av miljø-, sosial- og styringsinformasjon (ESG) til finanssektoren og andre relevante interessentar.
  • Forberede årlege/periodiske berekraftsrapportar og klima- og miljøregnskap i samarbeid med dei ulike selskapa i konsernet.
  • Delta aktivt i forbetringsprosjekt knytt til berekraft.

Kvalifikasjonar:

  • Høgare relevant utdanning og gjerne dokumentert kompetanse og erfaring relatert til berekraft.
  • Kunnskap om berekraftsstyring og helst erfaring frå forretningsanalyse og rapportering.
  • Kunnskap om EU-taksonomi vil vere en fordel.
  • God forretningsforståing og analytiske ferdigheiter.
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk.
  • God erfaring med oppbygging, implementering og vedlikehald av rapporteringssystem.
  • God generell datakunnskap.

Ferdigheiter, evner og haldningar:

  • Samarbeidsorientert og god til å etablere gode og effektive relasjonar på alle nivå.
  • Engasjert og interessert i å forstå samanhengar, utviklingsorientert, opptatt av å ta i bruk ny teknologi og eit sterkt ønske om å skape resultat.
  • Stor arbeidskapasitet, strukturert, kvalitetsbevisst, pliktoppfyllande, kreativ og løysingsorientert.
  • Tek initiativ og er med på å spreie arbeidsglede på arbeidsplassen.

Vi tilbyr ein trygg og solid arbeidsplass i eit konsern med gode framtidsutsikter, konkurransedyktige lønnsvilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Arbeidsstad er ved Havila sitt hovudkontor i Fosnavåg.

Søknadsfrist: 20. juni 2021

Søk på stillinga her

Kontaktperson

Hans-Børre Fiskaa, 

mobil. 952 74 960

dagleg leiar Havila Service AS